Fellingsresultat 2024
Fellingsresultatet etter jakta er bearbeidd og klart.
Dette viser 67 % felling i Reinheimen med 502 felte dyr.
68 % felling i Breheimen med 238 felte dyr (68 % på søraust og 67 % på sørvest).
Kjønnsmessig er det felt 53 % hanndyr og 47 % hodyr i Reinheimen mot 55 % hanndyr og 45 % hodyr i Breheimen. Differansen skuldast ein langt større del hannkalver.
Villreinutvalet kjem attende med meir innformasjon om jaktresultatet og gjennomføringa av jakta på nyåret med jaktrapporten.