4. september

NB!!NB!!: innlevering av nerkjeft (underkjeve) skal skje til den rettshavar som du har fått kort av. Skjåk Almenning tok ei runde i kjevekassa idag, og der vart det MYKJE dårleg reingjorte kjevar. Her var det mark, mugg og råtten kjøtt frå ymse nerkjeftar, slik SKAL det ikkje vera. Dei skal leverast reingjorte for kjøtt og vera tørre. Ikkje pakk inn i plast eller anna, men fest berre på utfylt kjevelapp. Utfylt jaktkort kan leverast direkte til rettshavar.

Reinheimen: Mykje dyr og fleire flokkar frå Stamåfly og austover til Horrungen. Ingen observasjon gjort av oppsyn i Finndalen og Lesja idag.

Breheimen sør-aust: Skjellfly/Gjelåflaten.

Breheimen sør-vest: Langvasseggi og Vassvenda.

Forrige
Forrige

5. september

Neste
Neste

3.september