Førebuingar for jakta 2024
Villreinutvalet, grunneigarar og oppsynskorps er i rute med førebuingar for villreinjakta 2024. Vi gjer det vi kan for at alle skal sitte att med gode minner og opplevingar i etterkant av jakta.
Villreinutvalet og nemnda er ansvarlege for forvaltninga av stammen i Reinheimen-Breheimen. For å drive god forvaltning er det alfa omega at alle jegerar;
Set seg godt inn i jegerkontrakta og infofolderen
Rapporterer felt vilt i den nye sett og skutt-appen
Leverer jaktkort, kjeve m/merkelapp og cwd-prøve til riktig tid.
Jaktoppsynet har fleire roller i fjellet. Oppsynet skal vere der både for jegeren, rettshavaren, reinen og for fjellet. I fjor vart 8 forhold i Reinheimen-Breheimen meldt til politiet for brot på offentleg reglemet. Dette har ført til offentlege påtaler og rekasjonar. Fleire av sakene omhandla skyting mot usikker eller manglande bakgrunn. Syrg for at du får med deg nødvendig dokumentasjon til fjells, samt at du handlar best mogleg etter prinsipp i jegerkontrakta og offentleg reglement. Da blir møtet mellom jeger og oppsyn, samt jegerar seg i mellom og andre fjellfarande berre ei triveleg affære!
Last ned sett og skutt-appen, før inn riktige opplysningar forløpande etter felling, set deg godt inn i jegerkontrakta og infofolderen! 😊
Lykke til med førebuingane til alle jegerar!