Jaktinformasjon 29.august

Ei lita hugseliste etter at dyret er felt:

Når du har skote dyret ditt er det nokre ting ein må hugse på;

  • Skjer kortet med type dyr og dato. 
  • Rydd slakteplassen før du reiser derifrå, og hugs at alt nyttbart kjøtt skal takast med heim. Legg du att kjøtt i fjellet for seinare transport skal dette merkast med kjøtmerkelappen. 
  • Alle skal ta CWD prøver av dyr eldre enn kalv. 
  • Registrer data om felt dyr i “sett og skutt” så snart som råd (merk at det er ny løysing frå i år, meir info og lenker her.)  
  • Alle kalvar skal vegast nøyaktig slaktevekt. Veg gjerne også andre dyr så nøyaktig som råd. I Skjåkvekter heng det vekt på Aursjohytta og utanfor kontoret til SA i Bismo. 
  • Hugs at alle kjevar skal leverast inn, også kalv. Kjevane må merkast med kjevelappen som ein fekk utdelt, manglar denne i konvolutten (CWD) så ta kontakt med oss for å få ein ny. På kjevelappen er det betre at du skriv for mange opplysningar enn for få!
  • Rensk kjeven GODT før levering (kjevelappen må knytast på kjeven). Alternativt ta med kjeven heim og heng til tørk, før levering. 

Observasjonar gjort av oppsyn i dag:

Reinheimen: Mykje dyr nord for Aursjoen (Aukarsvatnet/Meborrotjønne) i kveld.

Breheimen søraust: Ingen observasjonar gjort av oppsyn her i dag.

Breheimen sørvest: Ingen observasjonar gjort av oppsyn her i dag.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 30.august

Neste
Neste

Jaktinformasjon 28.august