Jaktinformasjon 4.september
Tåka har i stor grad “sett ut” både jegerar og oppsyn i dag. Det vart dog ein kjærkomen kviledag for reinen. Ingen observasjonar å melde frå oppsyn etter dagen. Nokre få jegermeldingar tydar at det er austlege område i både Reinheimen og Breheimen som gjeld. Ikkje uventa med tanke på at det har vore austevêr i fleire dagar.
Svært fin vêrmelding frå dei komande dagane!🌞