Hugseliste før jakta

I morgon startar reinsjakta. Mange er spente og gler seg til å ta seg til fjells for å jakte på grådyret. Som informert igår står dyra vi veit om spredt, så det bør vera gode sjanser for å sjå noko i alle delområda. Før dykk reiser på jakt vil minne om følgjande:

  • Sett deg godt inn i jegerkontrakt og andre føringar frå den du har fått kort av. Det er kvar enkelt jeger sitt ansvar å gjera seg kjent med jegerkontrakt, jaktgrenser, overgangsordningar o.l.

  • Ta med utfylt jaktkort, dokumentasjon for betalt jegeravgift, oppskyting og våpenkort/utlånserklæring.

  • Legitimasjon.

  • CWD-prøve for dei som ikkje har kalv.

  • Jaktforbud mellom 19:00 og 06:00 (nytt for 2023).

  • Ta omsyn til dyra du jaktar på og andre jegerar rundt deg, du er sjeldan åleine.

LYKKE TIL!

Forrige
Forrige

Fyrste jaktdag

Neste
Neste

Observasjonar av villrein