Observasjonar av villrein

For dei av dykk som skal jakte fyrste dagen (sundag 20. august): Vi har fått inn fleire meldingar om observasjon av rein den siste veka. Fjellet er vidt og kupert, og det er viktig å merke seg at vi berre har oversikt over ein brøkdel av terrenget.

Reinheimen: Ting tydar på at det står spredte flokkar frå Sveinbu i vest til Gjelingsdalen i aust. På Lesja er det observert dyr både nord og sør for Lordalen.

Breheimen sør-aust: Spredt, frå Sotfly til Skjellom. Bukkeflokkar observert i grenseområdet Lom/Skjåk på jaktbart område (sjå kart her).

Breheimen sør-vest: lite observasjonar, men Huguvarden/Skridulaupen kan vera ein god start.

NB: vegen inn til Lundalen er stengt for biltrafikk pga. uværet Hans. Det er høgst usikkert når denne blir farbar pga. omfattande skadar.

Forrige
Forrige

Hugseliste før jakta

Neste
Neste

Skadefelling jerv