Jaktinformasjon 12.september

Ein del bukkar er på god tur inn i brunstperioden. Ta ein ekstra kikk på oppførsel før smellen går for å sikre deg etande kjøtt.

Observasjonar gjort av oppsyn etter dagens jakt:

Reinheimen: Ein flokk på ca 400 dyr drog vestover frå Aursjoen i retning Heggebottflye. I tillegg står det nok att dyr i området Storhøa/Trihøen/Skartind, men som vart ikkje observert i dag.

Breheimen søraust: Større flokk var mykje av dagen i Svaåfjellet. Mot eftan hadde flokken god driv innover Grjotådalen.

Breheimen sørvest: Flokk på mellom 50 og 100 dyr i omrdået Mårådalen/Mårådalsbenken.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 13. september

Neste
Neste

Jaktinformasjon 11.september