Jaktinformasjon 13. september
Oppsynskorpset har i dag observert over 30 fall i Reinheimen-Breheimen. Frå alle områda er det meldt om god jaktutøving og respekt for både andre jegerar og dyr. Dette er veldig bra! Saknar du eit par Devold hanskar etter dagens jakt på søraustområdet, så ligg dei på kontoret til Skjåk Almenning.
Observasjonar gjort mot slutten av jaktdagen:
Reinheimen: Stamma har delt seg opp att i nokså mange flokkar. Ein større flokk mellom Stamåa og Heggebottflye. Fleire flokkar vestover frå Fellinghøi. Når flokkane held seg på dei slake flyene må du som jeger vere ekstra obs på bakgrunn før skotet går. Kula skal nedslag i trygge omgjevnader!
Breheimen søraust: Flokk i Tundradalen.
Breheimen sørvest: 2 flokkar i Mårådalen.