Jaktinformasjon 23.august

Villreinutvalet informerer om 2 skadde dyr frå dagens observasjonar. Ei simle saman med kalven sin ved Aukarsvatnet og ein storbukk ved Utletjønne.

Ved bomskyting eller skadeskyting skal oppsynsleiar varslast på tlf. 45899910. Alle kan vere uheldige, og svar på kva som gjekk gale får ein til tider ikkje. Du har uansett ettersøksplikt og kan ikkje løyse skot på andre dyr ut jaktdagen. Studer skotplassen etter hår og blod. Du gjer berre vel med å varsle frå slik at oppsyn kan prøve å fylgje opp dyret, evt. vidareformidle informasjon for å få det skadde dyret felt.

Observasjonar gjort av oppsyn i dag:

Reinheimen: Mykje dyr i området sør og aust for Horrungen. Fleire hundre dyr også på Liafjellet.

Breheimen søraust: 2 flokkar i området Buanose/Styggehøe i heile dag. Flokk på sørsida av Tundradalen.

Breheimen sørvest: Ein eller to flokkar i området Mårådalen/Skridulaupen.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 24.august

Neste
Neste

Jaktinformasjon 22.august