Jaktinformasjon 22.august

Hausten var til å kjenne på for den som var ute i felten i dag!

Ved mistanke om felling av dyr med fotråte, er det fint om det blir varsla til oppsynstelefonen. Ta gjerne med foten ned, eller ta i det minste bilde. 😊

Felling av skadde dyr: I utgangspunktet er det berre bra at jegerar prioriterer å felle skadde dyr! Men har du ikkje kort på det aktuelle dyret, så må ein vurdere situasjonen godt. Varsle oppsyn om dyret berre er delvis halt eller prega. Er dyret hardt skada, eller har tydeleg skotskade, kan dyret fellast.

Observasjonar gjort i dag:

Reinheimen: Mykje dyr mellom Heggebottflye og Aursjoen fyrst på dagen. Mot eftan drog fleire flokkar austover frå Aursjoen. Hovudsakleg på nordsida av Horrungen.

Breheimen søraust: To flokkar drog austover frå Kollongen.

Breheimen sørvest: Flokk i Mårådalen, Raudalen og Tverrbotnen.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 23.august

Neste
Neste

Jaktinformasjon 21.august