Jaktinformasjon 25.august
Oppsynskorpset har til no registrert vel mykje bomskyting og skadeskyting. Alle kan naturlegvis vere uheldige, men ein del situasjonar skuldast nok stress og dårlege skotsituasjonar. Hald att skotet om du er usikker. Nye og betre sjansar byr seg! Prøv for all del børsa etter ein bom/skadeskyting. Det kan også ofte vere leitt å fastslå bomskyting framfor skadeskyting. Oppsyn kjem derfor til å vere tettare på flokkane i Reinheimen etter helgas jakt for å sjå etter skadde dyr.
Observasjonar gjort av oppsyn i dag:
Reinheimen: Områda aust for Aursjoen. Stor flokk i tillegg til ein bukkeflokk i området Leirungshøe. Fleire flokkar også i området Døktene/Ruphovden.
Breheimen sørvest: Raudbergsløyfte og Raudalen. Bukkeflokk i området Sekken/Viergrove.
Breheimen søraust: Flokk på sørsida av Tundradalen/Skjellflye i tillegg til ein flokk i området Sotskarvet/Sotflye.