Jaktinformasjon 26.august

I ein stor flokk som drog vestover frå Jehanshøe no i kveld er det etter alt og døme ei skadeskoten simle (ljos) og ein kalv.

Ein liten ABC for å gjere sitt for å eliminere moglegheitene for skadeskyting/bom:

Før skotet går:

• Ligg roleg og gjøymt og vent på at flokken trekkjer forbi. Gå aldri mot dyr i silhuett eller med vind i nakken.

• Stress ned og vent på tur dersom det er andre jegarer på flokken. Finn ei god skytestilling - det kan ta tid.

• Vurder skyteavstanden godt - det blir fort langt i fjellet. 100 m er ofte meir enn nok.

• Syrg for at dyret står roleg og fritt. • Sjekk at du har fri bakgrunn og godt kulefang. Hugs på at kula skiftar retning.

Etter skotet har gått: Ligg i ro og observer. Sjå etter skotteikn. Ligg i ro til flokken har trekt unna - da kan andre jegarer få sin sjanse. Varsle oppsynstelefonen om du ikkje finn att dyret.

Siste observasjonar gjort av oppsyn i kveld:

Reinheimen: Stor flokk drog vestover frå Jehanshøa. To flokkar drog vestover frå Heggebottflye (ein på eindre og ein på nedre).

Breheimen søraust: Flokk i området Sotlfye/Steindalen/Tundradalsbotn.

Breheimen sørvest: Ingen observasjonar gjort av oppsyn her i dag.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 27.august

Neste
Neste

Jaktinformasjon 25.august