Jaktinformasjon 8.september

Den siste jaktveka står nå for tur. Måndag og tysdag er det meldt store nedbørsmengder i Reinheimen-Breheimen. Dårleg vêr og mindre jakttrykk vil potensielt medføre at flokkane deler seg i mindre grupper. I så fall vil det legge til rette for gode moglegheiter dei siste jaktdagane.

Observasjonar gjort av oppsyn i dag:

Reinheimen: 200-300 dyr ved grustaket i Lordalen i kveld. Fleire flokkar mellom Steinflya i aust og Storhøa i vest.

Breheimen søraust: Flokk på ca 50 dyr på Tverrfjellet. To flokkar med til saman 250-300 dyr i området Skjellflye - Gjelåflaten. Ca 50 storbukkar i den eine flokken.

Breheimen sørvest: Mykje dyr i mindre grupper frå Raubergsløftet og innover Raudalen i dag.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 9.september

Neste
Neste

Jaktinformasjon 7.september