Jaktinformasjon 9.september
Uvêret kom som venta i Reinheimen-Breheimen i dag. Enkeltområde har nok fått meir enn 40 mm nedbør berre i dag. Lite å melde om i dag. Storbukkar felt i Grjotådalsmunningen/Skjellflye på søraust. Meldingane er betre frå i morgon slik at vi kjem attende med meir informasjon mot dei siste jaktdagane.
Merk at fellesjakta er over i Reinheimen. Du kan altså ikkje ta utgangspunkt frå andre område enn du har utstedt kort i. Du kan likevel gå over til andre område (jamfør jegerkontrakta).