Dagen før dagen
Om nokre timar går startskotet for villreinjakta 2024.
Villreinutvalet og oppsynskorpset ynskjer alle ei godt jakt! 😊 Hugs at oppsynskorpset er i felten like mykje for å bistå jegerane som å observere jaktutøving og viltet. Ikkje nøl med å ta kontakt ved behov eller om situasjonar oppstår.
Vi minner nok ein gong om å:
Lese jegerkontrakta godt før jakt.
Ha med nødvendig dokumentasjon ut på jakt (jaktkort, våpenkort (ikkje tilstrekkeleg med bilde/kopi), legitimasjon og gyldig jegeravgift).
Felling av liten kalv (14 kg eller mindre); må klarerast med oppsyn før ny jakt.
Kluftbukk; 2 taggar (kluft) i toppen av den eine gevirkrona.
Ta med alt nyttbart kjøt heim! Dårleg behandling av vilt er særs øydeleggande for renomeet til jegerstanden og moralsk dårleg. Slakteavfall og eventuelt forureina kjøt skal røysast ned eller dekkast til med skinn og stein. Dette er også eit nyttig tiltak for å ikkje gjeve predatorar tilgang til åtsel. Slakteplassar og kvileplassar skal ryddast for søppel. Dette skal også vere med ned att og ikkje gøymd i ei steinur.
Observasjonar/områdebruk: Ikkje noko å nytt å melde om i Breheimen anna enn det som vart lagt ut 18.august. I Reinheimen er det mindre og større flokkar spreidd over eit stor område heilt frå Storvatnet i vest til Liafjellet i aust. I tillegg til nord for Lordalen.