Jaktinformasjon 20.august
Vel blåst fyrste jaktdag!
Både i Reinheimen og Breheimen har det i dag vore rein spreidd over eit stort geografisk område og ulike flokkar. Dette gjev føresetnader for fin og trygg jakt, samt sjanser for mange.
Siste observasjonar gjort av oppsyn utover jaktdagen:
Breheimen sørvest: Rein innover Raudalen.
Breheimen søraust: Fleire flokkar i området Skåpet/Resskulan - Kollongshaugan - Buanose.
Reinheimen: Ein større flokk på nordsida av Lordalen, flokk vest for Aursjoen og mykje dyr i området Søre Døkte - Liafjellet - Råkåvatnet.
Med forvaltningssyn ynskjer Villreinutvalet at flest moglege dyr blir kontrollvegde. Særleg kalvar som er eit måleparameter i Kvalitetsnormen. Skjåk Almenning har hengt opp vekt ved Aursjohytta og utanfor almenningkontoret som kan nyttast. Elles har alle oppsyn med seg vekt.
Fortsatt god jakt!