Jaktinformasjon 21.august
Observasjonar gjort av oppsyn i dag:
Ein relativt roleg dag i felten med få fellingar, men mange trivelege møter mellom jegerar og oppsyn!
Reinheimen: Bukkeflokkar nord for Finndalen. Fleire blandingsflokkar sør for Horrungen, samt mellom Aursjoen og Kvennåa. I tillegg er det fleire småflokkar i området Storvatnet (ein del bukk).
Breheimen sørvest: Ikring 70 dyr drog vestover Langvassegga.
Breheimen søraust: Fleire flokkar mellom Tundradalen og Sota. Sist observert 2 flokkar i området Kollongshaugane.